Dei har ikkje faste øvingskveldar, men øver når dei har oppdrag. På det meste har det gått bortimot eit år mellom samlingane. Dei er sporty og kastar seg rundt når dei får spørsmål om å syngja og spela. Dei siste åra har Osternes Mannskor nytta dei som husorkester til dei mange kabaretane.
«Ingen skal plassera oss i bås når det gjeld musikksjanger», seier Harald Rydland. «Me likar å spela mang slags musikk, for eksempel viser, jazz, folketonar, gospel, salmar og dansebandmusikk. Dei fleste av oss kan lite eller inkje om notar og musikkteori, men saksofonisten vår har heldigvis meir å bidra med her.»
På temakvelden i Fitjar kyrkje den 28. mars vert desse å høyra:
Gurid Refvik, song
Martin Hatlevik, song og gitar
Heine Helland, bassgitar og banjo
Ole Christian Ottestad, saksofon og tuba
Terje Træet, trommer
Harald Rydland, piano og trøorgel.
Musikk-valet på temakvelden vil spenna vidt. Dei lovar at ikkje noko av det dei framfører er ukristeleg. Dei som kjem, vil få høyra ei god blanding av viser, gospel, salmar, åndelege songar og folketonar. Dei vil og ha forsamlinga med på fleire allsongar.
Me ser fram til ein triveleg kveld med mykje speleglede i Fitjar kyrkje.
Inngangspengar kr. 100
Arrangør: temakveldgruppa