«Ønskekonserten» er det mest populære faste radioprogrammet i Noreg nokonsinne. I radioen sin gullalder skrudde 75% av lyttarane på radioen for å få med seg innsendte musikk-/plateynskje der ein formidla gratulasjonar og helsingar mellom slekt og vener. På «Ynskjesalmekvelden» torsdag 15. november kl.19.30 i Fitjar kyrkje, vil du og mange andre få lov til å syngja favorittsalmen din.
Ynskjer skal ikkje sendast inn på førehand. Dette skal du få lov til å koma med i kyrkja. Kantor Jan Overweg vil sitja klar ved orgelet med koralboka til alle salmane i salmeboka. Mange av oss har ein favorittsalme. For nokon kan det vera heilt frå tidleg barndom. Andre lærte kanskje ein ny salme i konfirmanttida, då pugging av salmar var vanleg. Nokre har spesielle kjensler til ein særskilt salme. Det er fint om nokon har lyst å seia litt om kvifor ein salme er blitt favorittsalmen.
Varmt velkomen til ein koseleg kveld i Fitjar kyrkje med god og fin salmesong!
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.