Av 1818 personar i soknet med stemmerett til Kyrkjevalet 2023 har 304 stemt ved anten begge eller eit av dei to kyrkjevala. Det betyr ei valdeltaking på 17%. som er ned frå 25% i Kyrkjevalet 2019, trass høg valoppslutning i digital førehandsavstemming – som var mogleg første gang i Kyrkjevalet 2023.
Talet som stemte på førehand anten digitalt eller på papir var 78 personar, noko som betyr meir enn ei dobling av talet forhåndsstemmer samanlikna med 2019.
Til soknerådsvalet var det éi liste (nominasjonskomitéens liste), og her er det 304 personar som har avgitt stemme.
Det nye soknerådet trer i funksjon som sokneråd 1. november og som kyrkjeleg fellesråd 1. desember.
Konstituerande møte skal finne stad før utgangen av oktober.
1 | Hugo Fretland | 393 |
2 | Trude G. Høgseth Felde | 374 |
3 | Terje Roald Halsnes | 366 |
4 | Sissel Irene Bringeland | 357 |
5 | Ole Jakob Nedrebø | 347 |
6 | Kristin Kalstad | 345 |
1. vara | Geir Magne Kleppe | 336 |
2. vara | Solveig Nitter | 332 |
3. vara | Elisabeth Hove Bråtane | 325 |
4. vara | Kari Heier Nistad | 322 |
5. vara | Lena Therese Solheim Valvik | 320 |
Bispedømmeråd og Kyrkjemøte
Når det gjeld avstemming til bispedømmeråd og Kyrkjemøtet, har valstyret i Fjaler berre ansvar for førebels opptelling før oversending av stemmesedler til valrådet i Bjørgvin bispedømme, som står for den endelege opptellinga og prøving av stemmesedlane.
For dei stemmeberettiga i Fjaler viser førebels oppteljing slike tal listestemmer:
1 | Nominasjonskomitéens liste | 67 |
2 | Open folkekyrkje | 62 |
3 | Frimodig kyrkje | 21 |
4 | Bønelista | 16 |