Om gravferd i Den norske kyrkja
Ei gravferd er den siste handlinga som fellesskapen gjer for det einskilde menneske. Gravferda er ei viktig hending i familien og venekrinsen. Der tek vi farvel med den som er død. Vi takkar for livet som har vore og overlét den døde i Gud sine hender. Kyrkja har lang tradisjon som seremonimeister i samfunnet vårt. Gravferda er dei næraste si avskil med den døde. Ei kyrkjeleg gravferd er samstundes ei offentleg handling med gudstenesteleg karakter, som markerer at eit liv er slutt.
Les mer