Mark Taylor feirar 30-årsjubileum som kantor i Fjaler med ein orgelkonsert. Han vil spele eit variert program med både roleg og var musikk som viser fram dei ulike fargerike orgelstemmene, samt hurtige og mektige verk – rett og slett reint orgelfyrverkeri!
For første gong vil alle i kyrkja kunne sjå Mark spelar via live video vist framme på skjermen i tillegg til å høyre musikken – då får du ei forsterka oppleving!
Det vert også eit fellesnummer med lag Mark har samarbeidd med gjennom åra. Saman med Cantus, Dale Musikkorps, Dalsfjorden Spelemannslag og Dekor blir det framføring av Dalsfjordbrura arrangert av Kåre Sandvik.
Kollekt til Fond for kyrkjemusikk ved utgangen.
Ikkje gå glipp av denne storhendinga!