I desse dagar tek Kristin Kalstad (33) over som kyrkjeverje i Fjaler. Ho er van med å vere styrmann, men overgangen frå kjemikalietankar på 182 meter til den lokale kyrkja er stor.
Ho gler seg til ho for alvor kjem i gang i den nye jobben. Det er både spennande og litt skummelt. Mykje nytt å setje seg inn i og mange nye å verte kjend med. Dei første tre vekene av november, arbeidde ho på opplæring med Irene Fløde og tok formelt over 24. november.
Til stillinga ligg ikkje berre å vere dagleg leiar for soknet og ha administrative oppgåver. Ho har arbeidsgjevaransvar og personalleiing for dei tilsette, er sekretær for sokneråd/fellesråd og må samarbeide breitt. Drift og vedlikehald av kyrkjebygningar og gravplassforvaltning ligg også til stillinga. I utlysinga heitte det: «Kan måtte steppe inn med praktiske gjeremål ute i feltet».
- Akkurat det å vere allsidig samsvarar med slik eg hadde det på sjøen. Ingen dagar var heilt like, vi måtte ta ting på sparket. Og det å komme seg ut av kontoret trur eg skal verte både kjekt og viktig, seier Kristin.
Ho omtalar seg sjølv mest som ein tradisjonell kyrkjebrukar, ved høgtider og viktige hendingar i livet, som dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd. I ein travel fase med små ungar og arbeid på garden, blir det ikkje tid til så mykje anna med 100 prosent jobb og mykje nytt å setje seg inn i. Litt etter litt håper Kristin å møte menneska rundt i soknet og skaffe seg oversikt og meir kunnskap om oppgåvene som ligg til jobben.