Inn– og utmelding 

Bakgrunnen for medlemsskap i Den norske kyrkja er dåpen. For å bli medlem må ein vere døypt eller bli døypt. Ein som er døypt i ei anna kristen kyrkje, kan melde seg inn. Ein som ikkje er døypt kan ta kontakt med presten for å ordne dette. Både barn og vaksne kan bli døypt i Den norske kyrkja.

Du kan logge deg inn gjennom id–porten for å sjekke om du står oppført i medlemsregisteret til Den norske kyrkja. Med 3,8 millionar medlemer treng kyrkja enkle og gode ordningar for å halda medlemsregisteret ajour. Derfor har Kyrkjerådet no lagt til rette for at den einskilde sjølv kan nytte bank–id eller annan elektronisk identifikasjon og rette feil direkte i databasen til medlemsregisteret. Gjennom id–porten er det opna både for innmelding i og utmelding av kyrkja.
 
I fleire år har kyrkja møtt kritikk for feil og manglar i medlemsregisteret og det er framleis nokre feil i medlemsregisteret. Nylege endringar i kyrkjelov og forskrift om innmelding i og utmelding av Den norske kyrkja er i hovudsak gjort med tanke på innføring av nettbasert løysing for inn– og utmelding.
 
Løysinga gjev brukaren dokumentasjon på dei elektroniske handlingane gjennom attestar som ein kan lagre eller skrive ut. Samstundes blir det sendt melding til det aktuelle soknet om dei innmeldingane og utmeldingane som er gjort gjennom id–porten. Den tekniske tryggleiken rundt id–porten tilfredsstiller krava til trygg handsaming av personsensitive opplysningar. 
 
Den nye løysinga er eit supplement til andre måtar å melde seg inn i eller ut av kyrkja på. Dette vil seie at folk framleis kan sende førespurnad om utmelding til det lokale kyrkjelydskontoret, og desse blir handsama på same måte som tidlegare.  

Pålogginga gjennom ID–porten gir bare tilgang til opplysningar knytta til det personnummeret som blir nytta ved pålogginga. Om du vil melde inn eller ut døypte barn som er under 15 år, må du nytte eige skjema for det. Dette gjeld også for barn mellom 15 og 18 år utan BankID. Skjema finn du her.

Du finn innlogginga til id–porten her: kyrkja.no/medlem.


Vi opplyser om desse følger av utmelding:

  • Mister stemmerett ved kyrkjeleg valg 
  • Mister retten til kyrkjeleg verv og stillinger 
  • Kan miste retten til å vere fadder 
  • Kan ikkje kreve å få barna sine døypt 
  • Kan miste retten til kyrkjeleg konfirmasjon, vigsel og gravferd. 
  • Dersom du ikkje er medlem av Den norske kyrkja, og heller ikkje er medlem av andre registrerte trus– og livssynssamfunn, må du betale dersom du likevel skulle ønskje å bruke kyrkja til ei kyrkjeleg handling som gravferd.

Personer som ikkje tilhøyrer noko trossamfunn, kan vere fadder til dåpsbarn såfremt de ikkje fornektar den kristne trua. Ein fadder skal vere vitne at barnet er døypt, og blir ikkje sletta fra kyrkja sitt dåpsregister sjølv om han/ho meldar seg ut av kyrkja.

Konfirmasjon forutsetter at konfirmanten er døpt i Den norske kirke eller i eit anna kristent trossamfunn. Udøypte kan delta i konfirmasjonsforberedelsen, men kan ikkje delta ved forbønnshandlingen på konfirmasjonsdagen.

Stadig flere unge, og vaksne, blir døypt i forbindelse med konfirmasjon. Antallet vaksendøypte er stigande i dei fleste folkekyrkjer i Europa. Ein blir ikkje automatisk medlem i kyrkja ved å konfirmere seg, men kan melde seg inn på vanleg måte om ein ønskjer det.

Økonomisk har kyrkjemedlemskapet ingen personlege følgjer. Det er ikkje kyrkjeskatt i Norge. Alle registrerte trus– og livssynssamfunn mottar støtte pr. medlem fra stat og kommune tilsvarende bevilgningene til Den norske kirke pr. medlem.

Har du spørsmål om medlemskap, kan du gjerne ta kontakt med kyrkjekontoret.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"