Smittevern
Kva betyr dei nye smitteverntiltaka for kyrkja? Kyrkja i Fjaler vil i utgangspunktet gjennomføre all planlagt aktivitet, men til ei kvar tid følgje gjeldande regelverk. Alle som kjem til kyrkja vil få tilvist ein fast plass å sitje. Vi registrerer deltakarane sitt namn og telefonnummer for å sikre smittesporing. Listene vert oppbevara trygt, og vert makulerte etter 14 dagar. Der det ikkje er mogleg å halde ein meters avstand, ber vi om at alle brukar munnbind.
