Det blir vanlege årsmøtesaker med årsmelding og årsrekneskap.
I tillegg har soknerådet forslag om å redusere tal på medlemmar i soknerådet frå åtte til seks valde medlemmar.
Dette er same antal som dei andre sokna i kommunen har. Soknepresten er fast medlem slik at det då blir 7 medlemmar totalt.
Det blir også orientert om soknerådsvalet til hausten.
Servering av brennsnut og kaffi med noko søtt til.
Vel møtt!
Sindre Røsvik
Leiar i soknerådet