Sokneråda på Vigra og Valderøya arrangerer dugnad:
Laurdag 8.mai frå kl.11.00 ved Vigra kyrkje
Tysdag 11.mai frå kl.17.00 ved Valderøy kyrkje
For å skape litt liv rundt kyrkjene på dugnadsdagen vil sokneråda oppmode pårørande til å møte fram og stelle graver når det er dugnad rundt kyrkjene. Det vert også mulig å få hjelp med å rette opp gravminner.
Det vil ikkje bli noko problem å halde dei føreskrivne korona-avstandane, for det er god plass rundt kyrkja og på gravstadane.
Dei som kan stiller med hageredskap . Det er oppgåver for alle, raking, fjerning av lauv og ugras, ny bark i bedda med meir. Kaffi og litt å bite i vert det også.
Alle er velkomne til dugnad rundt Vigra og Valderøy kyrkje laurdag 8.mai og tysdag 11.mai. Til fleire vi blir dess kjekkare blir det.
Ta ein tur då vel!
Helsing Valderøy og Vigra sokneråd
ved Elisabet Sundgot Knut Støbakk
(leiar Valderøy sokneråd) (Vigra sokneråd)