Vi må tenke på smittevern også når det gjeld slike innsamlingsaksjonar. Difor blir det ein digital aksjon, med ei digital bøsse for heile Giske kommune. Den digitale aksjonen er via facebook og ‘kyrkjene i Giske’ sin konto. Aksjonen startar 10.mars og held fram til påske.
Også dette året er tema vatn. Reint vatn er blitt enda viktigare i koronakrisa. Mange hundre millionar menneske manglar tilgang på reint vatn. Reint vatn er meir enn berre vatn. Reint vatn er ein nøkkel til liv, helse, likestilling og fred. Mange stader er det lang veg for å hente vatn. Ofte er det barna som må gjere dette. Då har dei ikkje tid til å gå på skulen. Mangel på vatn og ureint vatn får store ringverknader på eit lite samfunn.
Kirkens Nødhjelp er gode på vatn. Dei har stor kunnskap og røynsle med å gi landsbyar, flyktningeleire og samfunn tilgang på vatn.
250 kroner er nok til å gi eit menneske sikker tilgang på vatn for resten av livet. Når vi støttar Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon, er vi med på å gi menneske eit verdig liv og ein enklare kvardag.
I tillegg til facebookaksjonen, kan du gi via vipps 2426 eller sms, ved å sende VANN til 2426. Da gir du 250kr. Takk for di støtte.