Konfirmantane i Giske kommune har dette som ei oppgåve i konfirmanttida. Men det er ikkje berre våre konfirmantar som går med bøsse denne dagen, over heile Norge skjer det same.
Ofte er krisene langt borte frå oss. Desse dagane har krisa kome nær. Krigen i Ukraina gir oss bilete av øydelagde hus, splitta familiar, menneske på flukt. Kirkens Nødhjelp har samarbeidspartnarar i landa som grenser til Ukraina og dei har delt ut tonnevis med det ein flyktning treng: mat, vatn, klede.
Pengane som blir samla inn i fasteaksjonen gir Kirkens Nødhjelp kraft til å handle raskt når ei krise skjer. Pengane blir óg brukt i langsiktige prosjekt mange stader i verda. Motto for aksjonen er: «Håp i ein drope vatn». Reint vatn treng ein i ein landsby i Afrika og det trengs til ein flyktning frå Urkaina.
Ta gjerne ut kontantar, slik at du har noko å leggje i bøssa til konfirmanten. Har du ikkje kontantar, kan du vippse til 2426. Det vil óg bli ei digital innsamling.
TAKK for di støtte til Kirkens Nødhjelp.
Berit diakon