Førehandsrøysting:
Digitalt:
Frå 10. august til 6. september på nett.
Slik stemmer du digitalt:
Skann QR-koden nedanfor med mobilen din eller gå til heimesida kyrkjevalet.no.
For å kunne førehandsrøyste digitalt må du ha BankID.
Fysisk:
Frå 10. august til 8. september. Ta kontakt med kyrkjekontoret.
På Valdagen 10. - 11. september:
Du stemmer på same stad som ved kommunevalet eller rett i nærleiken.
Kva stemmer du på?
Kyrkjevalet er todelt.
Du stemmer lokalt ved å stemme på medlemmar til soknerådet der du bur. Soknerådet si hovudoppgåve er å forme og utvikle soknet innan omsorg og diakoni, gudsteneste, kultur, undervisning og aktivitetstilbod for små og store.
Du stemmer regionalt og nasjonalt ved å stemme på medlemmar til bispedømmerådet og Kyrkjemøtet. Bispedømmerådet er det regionale styringsorganet, medan Kyrkjemøtet er det øvste demokratisk valde organet i kyrkja.
Godt val!
Her kan du sjå kven som står på dei ulike listene:
Kandidatlister - Kyrkjevalet - Den norske kirke (kirken.no) - Giske sokn
Kandidatlister - Kyrkjevalet - Den norske kirke (kirken.no) - Valderøy sokn
Kandidatlister - Kyrkjevalet - Den norske kirke (kirken.no) - Vigra sokn