Tenk at eg fekk denne æra!
Mitt namn er Katrine og frå juni blir eg kyrkjeverje i Giske kommune. Det er stor stas og eg gleder meg til å bli kjent med staben, lokalmiljø, kyrkjene og andre samarbeidspartnarar.
Mine fyrste leveår hadde eg i India og Sri Lanka og i 1985 kom eg til Noreg saman med foreldre og to tøffe storebrør som har vore med å utfordra og herda meg. Eg kom også med ein haug (dårlege) vitsar på engelsk som ingen av jamnaldringane mine forstod noko av. Ein vane eg har vanskeleg for å legge frå meg.
Elles har mine 42 år vore prega av medgang og motgang og eg er spesielt stolt av å ha landa ein herleg mann og to supre barn på 12 år og straks 6 år. Vi bur på Gåseid i Ålesund og trivest med det landlege rundt oss. Slikt må ein takke Gud for.
Fritida mi brukar eg på gjengen min, og katten og hunden veit godt når ungane har lagt seg og det er «deira tur». Hunden vår er ein polar setter og vi trenar på trekking for tida, noko som kan passe til litt late folk sidan hunden må gjere det meste av jobben.
Det er snart 20 år sidan eg utdanna meg til sosionom. Psykisk helse- og rusomsorg, NAV, Kriminalomsorg, Skatteetaten, barnevern, miljøterapeut på ungdomsskule og trusopplærar i Haram er felt eg har jobba innan.
Rolla som dagleg leiar er ny for meg og tida som møter meg blir krevjande og utfordrande. Dagane føre meg blir også spennande og morosame, lærerike og givande. Eg gleder meg til heile pakka og tenker; Gud gir – vi deler. Så lat sette i gong med å ta i mot og ikkje minst; la oss dele!
Katrine Ruth Overå