Søknadsfrist: 31.desember 2021
Vi søkjer etter ein allsidig person som er praktisk anlagt og likar å jobbe med folk. Søkjar må også kunne lese teksten og kunngjeringane i ei gudsteneste. Ved tilsetjing vil bli lagt vekt på at personen er eigna til oppgåvene som ligg til kyrkjetenar/klokkar stillinga.
Oppgåver som ligg under denne stillinga:
Førebu gudstenester og kyrkjelege handlingar praktisk og vere medhjelpar i desse etter nærare instruks. Vere brannvernleiar ved konsertar og andre aktivitetar. Vere med på stabsmøter.
Klokkarfunksjonar
- førebu nattverd og vere med som medhjelpar, førebu og hjelpe til ved dåp,
- reinhald av kalkar og utstyr.
- Har ansvar for tekstlesing, kunngjeringar,
- føring av dagsregister,
- ansvar for at kollekt vert teke opp og talt og sette inn pengar i banken.
- Ta imot folk som kjem til kyrkje og vise dei til rette.
- Instruere konfirmantane i oppgåver i gudstenesta.
Kyrkjetenarfunksjonen – er ein vaktmeister, og skal syte for at kyrkja til ei kvar tid er klargjort for kyrkjelege handlingar.
- har ansvar for Valderøy og Vigra kyrkje.
- For reinhaldet i kapellavdelinga. (Vanleg reinhald blir utført av reinhaldar om lag 2 gonger per veke).
- skal syte for at utstyr og inventar er i orden.
- er brannvernleiar og ansvar for HMS.
- Skal syte for at det er i orden rundt kyrkja i bedd og grusgang.
- Ansvar for utleige.
- Utrykking ved alarm.
I denne type stilling må søkjaren pårekna helgearbeid og høgtidsarbeid, sidan det ligg i arbeids art. Det må kunne påreknast endringar ved behov.
Kyrkjetenar/klokkar har teieplikt.
Søkjarar må vere medlem av Den norske kyrkja.
Den som blir tilsett må framvise politiattest før tilsetjing er gyldig.
For meir informasjon kontakt Turid Valderhaug tlf. 90 55 80 72. Søknad med CV og attestar sendast Giske kyrkjelege fellesråd på e-post: turid.urkedal.valderhaug@giske.kommune.no eller post: Giske kyrkjelege fellesråd, Valderhaug 4, 6050 Valderøya.