Kyrkjetenaren har ei viktig rolle i kyrkja ved å delta og gjere klart til viktige dagar som bryllaup, gravferd og gudsteneste. Vi leitar etter deg som likar å møte menneskjer og som trivest å jobbe både sjølvstendig og i team.
Vi tenkjer:
¶ Du må ha førarkort sidan arbeidsstaden din vil variere mellom våre tre kyrkjer (Giske, Valderøy og Vigra + Godøy bedehus)
¶ Kontorstad: Giske Rådhus (på Valderøya)
¶ Du bør vere over 18 år
¶ Stillinga er 50%, men kan også vere mindre dersom du ynskjer det
¶ Periode: 01.01.2024 -- 30.09.2024
¶ Stillinga har muligheit for forlenging
¶ Stillinga har arbeid dagtid og helg
¶ Du må kunne godt norsk munnleg og skriftleg
¶ Medlem av Den Norske kyrkje
¶ God opplæring vil bli gitt
¶ Du må trivest med å vere ein del av ein hjartevarm stab
Ring gjerne til dagleg leiar/kyrkjeverje Katrine Ruth Overå på 48218948 for å slå av ein prat eller dersom du lurer på noko.
Send CV og søknad til Katrine.Ruth.Overa@Giske.kommune.no innan søndag 10. desember.
- Vil du vere del av ein inkluderande og triveleg stab? Då er Den norske kyrkja den rette staden for deg og vi har ledig vikariat som kyrkjetenar.