Laurdag 27. nov.- 28. nov. inviterer vi 11-åringane frå heile kommuna til å feire kyrkja sitt nyttår i Valderøy kyrkjekjeller.
LysVåken starter laurdag klokka 16.30 i Valderøy kyrkje. Det blir aktivitetar inne og sporløp i mørket ute, førebuing av gudsteneste med dansegruppe og dramagruppe, LysVåken-sangen, måltid, konkurranser og mykje meir.
Når klokka er 22.00 dreg vi heim for å sove og møtast igjen kl.10.00 søndagsmorgon.
Vi skal delta i gudstenesta i Valderøy kyrkje 28. nov. kl. 11. Då håper vi familie og vener kjem- alle er velkomne! Etter kyrkjekaffien (ca kl. 12.30) er LysVåken slutt.
LysVåken handlar om å vere lys vakne for det som skjer rundt oss! Vi skal vere lys vakne for kvarandre, for Gud og for oss sjølve.
Påmelding: SEND DETTE PÅ MAIL innan 21. nov. til anro@giske.kommune.no
ELLER LEVER PÅ RÅDHUSET/ SEND I POSTEN TIL KYRKJEKONTORET,
Valderhaug 4, 6050 Valderøy.
Følg med på epost - informasjon blir sendt ut 22. november og havner ofte i søppelkassa i eposten!
Namn: …………………………………………………………………………………………
Adresse:………………………………………………………………………………………..
Mailadresse foreldre ………………………………………………………………………….
Telefon heim: ……………………………… Mor/far mobil: ………………………………
Vi er tilgjengelige på mobil laurdag- søndag: Sett ring rundt: ja / nei
Kontaktperson og telefonnummer dersom nei:…….………....................................................
Allergi/spesialkost/anna………………………………………………………………………
Vårt barn trenger tilrettelegging: Sett ring rundt: ja / nei
Vi ønskjer å ha ein samtale før LysVåken- sett ring rundt: ja / nei
Alle heimar må som hovudregel stille med 1 vakt. Spør evt besteforeldre og fadrar.
Vi sender ut brev til alle som er medlem i Den norske kyrkja, men alle er velkomen til å delta. Meir praktisk informasjon vil kome på e-post 22.november.
Venleg helsing Anne-Helen Roaldsnes, Valderøy-, Vigra- og Giske sokneråd