Det er trist å måtte gi meldinga vidare om at alle gudstenestene som var planlagd til påskehøgtida no er avlyst, også her i Giske.
Likevel er påskebodskapen levande, som våren bryt bodskapet om Jesu oppstode seg fram og midt i mørke koronatider. Som jærdiktaren Helge Torvund seier i eit kort dikt: «Lyset du treng finst.» Det vil bli nokre enkle digitale sendingar ein kan følgje med på via kyrkja si heimeside eller på kyrkja si Facebookside.
Bodskapen om Jesu siger over synd og død let seg ikkje stoppe. Difor feirar vi påske, sjølv om vi ikkje kan samlast. Påska blir ringt inn påskeaftan og prestar vil vere til stades i kyrkjene på dei ulike høgtidsdagane i bøn, song og lesing. Hugs at det også er mogleg å ta kontakt med oss om du ønskjer samtale, forbøn, skriftemål og/eller nattverd.
Så oppmuntrar vi til å markere påska i heimen. Samla dykk om dei digitale sendingane, be saman og les påskeforteljingane frå Bibelen.
Og ikkje minst: syng salmane – og bli med i koret som syng påskedag:
Deg være ære,
Herre over dødens makt!
Evig skal døden være
Kristus underlagt.