To folkemusikarar og to jazzmusikarar leikar seg med nye tonar til Aasmund Olavsson Vinje sine gamle ord, med komponist Jorun Marie Kvernberg bak roret. Tuba-virtuosen Lars Andreas Haug ertar den kvikke nordmørs-stemma Unni Boksasp opp i nye høgder. På svarte og kvite loddar Dag-Filip Roaldsnes djupet, medan komponist, felespelar og songar Jorun Marie Kvernberg ausar på og opp og fram med boge og streng.
Dei ettertrakta musikarane har kvar for seg og i ulike konstellasjonar mangfaldige plateutgjevingar, fleire Spellemannprisar og ei imponerande merittliste.
«Perleskum» spring ut frå tingingsverket «På geitevis», som var tinga av Førdefestivalen 2018.
Jorun Marie Kvernberg: fele, hardingfele, song (og komposisjonar)
Unni Boksasp: folkesong, harpeleik
Lars Andreas Haug: tuba
Dag-Filip Roaldsnes: piano
Aasmund Olavsson Vinje: skarp penn
Unni Boksasp: folkesong, harpeleik
Lars Andreas Haug: tuba
Dag-Filip Roaldsnes: piano
Aasmund Olavsson Vinje: skarp penn
Arrangør er Jorun Marie Kvernberg.
Konserten startar kl. 19.00.
Billett kr 280/180 (u. 18 år) kjøpast ved inngang, kontantar eller Vipps.
Me legg opp til ei trygg oppleving kor me følgjer gjeldande reglar for konsertarrangement. Velkomne!