Anita Kristin Dyp Hagrup (31) frå Vigra, er busatt på Flisneset saman med ektemannen Åge og dattera Erelind Maria. Ho har studert Internasjonal Kommunikasjon i Australia, tatt bachelorgrad i Europastudier ved NTNU i Trondheim, samt Praktisk Pedagogisk Utdanning for å bli lærar. Etter nokre år som lærar på ein kristen skule i Tromsø, starta ho på presteutdanninga ved UIT som går over seks år. Ho er no halvveis i dette studiet og er tilsett i ei «prest i utdanning» ordning i Valderøya Kyrkje, som inneber at ho arbeidar som prest medan ho gjer ferdig studiane.
Anita er glad i å skrive, gå tur i naturen nært havet, - og ho er glad i å vere sosial saman med folk. Favorittfortellingane hennar frå Bibelen handla mellom anna om Dronning Ester, og om kvinna som hadde vore sjuk i 12 år og vart gjort frisk av Jesus, og forteljingane om Jesu første møte med disiplane då Han var oppstanden. Det er forteljingar som er med å vitne om at Gud er med oss gjennom heile livet, i vår gjerning, i det som er krevjande, og at me alle kan leve i oppstandelsens håp, tenkjer Anita. Ho ser fram til arbeidet med konfirmantane, møte kyrkjelyden, og til å ta fatt på prestegjerninga på Valderøya.