Vi arrangerer også i år ei lita pilegrimsvandring kvar torsdag i sommer. Men nytt av året er at du også kan gå på kafé i kyrkjekjellaren på Valderøya!
I sommar inviterer Kyrkja i Giske til Smak av pilegrim - torsdag 20. juni og 27. juni kl. 12.00. Oppmøte er ved inngangsporten ved kyrkja.
Vi går ein runde i området rundt kyrkja med ulike stopp og avsluttar i Giske kyrkje med moglegheit for stillheit.
Giske kyrkje er ein del av Kystpilegrimsleia. Ei pilegrimsvandring kan ha mange motiv - Å senke farta, stille, friheit og fellesskap. Det er fleire grunner til at menneske legg ut på ei pilegrimsvandring. Det konkrete målet er eitt av dei. I denne vandringa er det Giske kyrkje. I tillegg er det ei naturoppleving, og ein får med seg lokal kulturhistorie. Moderne pilegrimar legg ofte like mykje vekt på den indre prosessen i vandringa. I vandringa på Giske leiter vi etter ulike spor av Gud i liva våre.
Vi fortset Smak av pilegrim utover sommaren, men da ved og rundt Johanneskapellet ved Valderøy kyrkje. Johanneskapellet er open kvar torsdag frå 4. Juli - 8. August. Oppmøte ved kyrkja kl. 12.00.
Det blir også kafédrift i kyrkjekjellaren i Valderøy kyrkje - drifta er det ungdommar med sommarjobb hos oss som står for og kaféen er open for alle! Opningstidene er kvar tirsdag og torsdag kl. 11 - 15 frå og med torsdag 27. juni til og med torsdag 8. august. Så ta med deg ein ven og stikk innom.
Velkomen til enkel pilegrimsvandring og kafé i kyrkja i sommar!
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.