Vi søkjer etter ein allsidig person som er praktisk anlagt og som også kan stå fram og lese teksten i ei gudsteneste. Det vil bli lagt vekt på at personen er eigna til oppgåvene som ligg til kyrkjetenar/klokkar stillinga.
Søkjar må framvise vandelsattest ved tilsetting.
Oppgåver som ligg under denne stillinga:
Førebu gudstenester og kyrkjelege handlingar praktisk og vere medhjelpar i desse etter nærare instruks. Vere brannvernleiar ved konsertar og andre aktivitetar, samt ein del praktisk ryddearbeid.
Søkjarar må vere medlem av Den norske kyrkja.
For meir informasjon kontakt Turid Valderhaug tlf. 45065380. Søknad med CV, sendast Giske kyrkjelege fellesråd, Valderhaug 4, 6050 Valderøya. Søknad kan også sendast på mail: kyrkja@giske.kommune.no
Søknadsfrist, snarast.