Vi har ledig ei kombinasjonsstilling som inneber arbeid med barn/ungdom og som kyrkjetenar. Ei stilling som vil gi deg gode utfordringar og mange møter med menneskjer i ulike situasjonar. Stillinga er inntil 100% og kan også vere mindre dersom du ynskjer det.
Delen av stillinga som er kyrkjetenarar har ei særs viktig rolle i kyrkja ved å gjere klart til viktige dagar som bryllaup, gravferd og gudsteneste.
¶ Stillinga som kyrkjetenar har stor variasjon i dei ulike kyrkjene og ta derfor gjerne kontakt med oss for ein prat.
Delen av stillinga som er arbeid med barn og ungdom inneber planlegging og gjennomføring av ulike typar aktivitetar.
¶ Målet er å bidra til at barna blir sett og kjenner seg som ein del av kyrkjelyden. Døme på aktivitetar er babysong, konfirmantarbeid, kor, kafé, utdeling av bøker og mykje meir moro.
¶ Du må trivest med planlegging og gjennomføring, vere ein del av ein hjartevarm stab og jobbe sjølvstendig.
Vi tenkjer
¶ Du bør ha førarkort sidan arbeidsstaden din vil variere mellom våre tre kyrkjer (Giske, Valderøy og Vigra + Godøy bedehus)
¶ Du bør vere over 18 år
¶ Stillinga er inntil 100% og kan også vere mindre dersom du ynskjer det.
¶ Stillinga har arbeid dagtid, kveldstid og helg
¶ Du må kunne godt norsk munnleg og skriftleg
¶ Medlem av Den Norske kyrkje
¶ Den som vert tilsett må legge fram politiattest
¶ God opplæring vil bli gitt
¶ Stillinga har muligheit for forlenging
Ring gjerne til kyrkjeverje Katrine Ruth Overå på 48218948 for å slå av ein prat eller dersom du lurer på noko.
Send CV og søknad til katrine.ruth.overa@giske.kommune.no innan søndag 17. september.
Med venleg helsing
Katrine Ruth Overå
Kyrkjeverje
Giske kyrkjelege fellesråd
Mobil: 48 21 89 48
Epost: Katrine.Ruth.Overa@Giske.kommune.no