Arbeidsoppgåver for trusopplærar:
- Leie trusopplæringa for dei 3 sokna, Giske, Valderøy og Vigra
Med grunnlag i vedteken trusopplæringsplan for alle døypte frå 0-18 år i kyrkjelydane Giske, Valderøy og Vigra sokn
- Trusopplæringa skjer med forankring i kyrkjelydane sine eksisterande aktivitetar og i nært samarbeid med andre tilsette og frivillige
- Planlegge, promotere, gjennomføre og evaluere trusopplæringstiltak
- Delta i stabsmøter
- Ha aktiv kommunikasjon med sokneråda og andre relevante råd/utval og rekruttere og rettleie frivillige medarbeidarar
- Ta del i anna eksisterande kyrkjelydsarbeid/konfirmantarbeid for barn og unge i team med andre tilsette
Kvalifikasjonar for trusopplærar
- Relevant utdanning, gjerne bachelorgrad, med kristendom/teologi og pedagogikk
- Kjennskap til Plan for trosopplæring: Gud gir - vi deler
- Personlege eigenskapar og relevant erfaring kan erstatte manglande utdanning
- Erfaring fra arbeid med barn og ungdom, gjerne trusopplæringsarbeid
- Personlig egnethet vil bli vektlagt
- Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og evne til samarbeid
I tillegg ynskjer vi at trusopplæraren er:
- Kontaktskapande med evne og vilje til å skape godt samarbeid mellom heim og kyrkje
- Glad i å arbeide med barn og ungdom
- Flink å formidle og god ein motivator
- Open for samarbeid med andre kyrkjesamfunn
- Glad i song, musikk og friluftsliv
- Erfaren i bruk av IKT-verktøy og med god kjennskap til bruk av sosiale media
Særskilte krav
Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkje.
Søkjar må også kommunisere godt på norsk, både munnleg og skrifteleg.
Søkjar må ha sertifikat og disponere bil. Ved tilsetjing må det framvisast politiattest etter trussamfunnslova § 20.
Lønnsvilkår
Løn etter avtaleverk for kyrkjeleg sektor.
Medlemskap i KLP.
Spørsmål om stillinga kan rettast til kyrkjeverje Turid Urkedal Valderhaug tlf. 90 55 80 72 / 45 06 53 80.
Søknad med vitnemål og attestar vert å sende
Giske kyrkjelege fellesråd, Valderhaug 4, 6050 Valderøy / turid.urkedal.valderhaug@giske.kommune.no innan 03.06.2022.