KorTøft er eit barnekor som er eit tilbod gjennom trusopplæringa i kyrkja, for 3.-7. klasse. Repertoaret til koret er for det meste songar med kristen bodskap, men vi syng og litt popsongar frå til dømes MGP junior. Vi opptrer når det er gudstenester og arrangerer ein vårkonsert kvart år. Vi reiser også på korleir kvar haust.
Vi øver kvar onsdag frå kl. 13.00-14.00 (3.-4. klasse)
og kl. 14.10-15.00 (5.-7.klasse) i Valderøy kyrkje.