Temadag: Fordjupning i stille bøn

Laurdag 19. oktober blir det temadag med fordjupning i stille bøn i Valderøy kyrkje.

Johanneskapellet

Temadagen passer for deg som:

- lengtar etter meir stillheit og tid til å reflektere

-  kjenner deg sliten av tempoet i kvardagen der du fyk frå det eine til det andre. 

 - lengtar etter å vere meir forankra i deg sjølv og i trua på Gud.

 - er trøytt av å skulle prestere, også i bøna, og som kjenner på ein lengt etter å kunne kvile, berre vere.

 - ynskjer å lære meir om stille bøn/sentrerande bøn

 

Laurdag 19. oktober arrangerer Areopagos, i samarbeid med Valderøy sokneråd, ein temadag med fordjuping i stille bøn. Kursdagen gjev ein introduksjon til bønepraksisen Sentrerande bøn. Det handlar om å bli stille,  bak eigne ord, tankar og kjensler, bak støyen i vårt eige sinn. I denne måten å be på, slepper vi taket i det faste og innøvde, og i tillit til det Gud kan gjere i oss, overlet vi oss til han. Dette er ein individuell måte å be på, men er også utbyterik i eit stille fellesskap med andre. 

Undervisninga rører ved ulike tema slik som 1) bøn som relasjon, 2) om å fordjupe gudsrelasjonen, og 3) ulike aspekt ved sentrerande bøn. Dagen vil innehalde både undervisning og praksis i sentrerande bøn. Det vil også vere rom for å stille spørsmål og dele erfaringar med kurshaldar og andre deltakarar.

«Vegen til eit stadig djupare felleskap med Gud er alltid stilla»  Peter Halldorf  

Laurdag 19. oktober i Valderøy kyrkje kl. 11.00-18.00. Pris 300 kr. Enkel servering.

Leia av: Tor Magne Handeland. Til dagleg jobbar Tor Magne som sjukehusprest i Drammen. Han er kurshaldar for Areopagos og har i mange år leia kurs i kontemplative praksisar.

Kontaktperson Gunnhild Roaldsnes Bremer. Påmelding: gunnhild.anita.bremer@kyrkja.giske.no

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"