På førstkomande søndag er teksten om døyparen Johannes som ser Jesus kome gåande. Alle såg Jesus rett framfor seg, men dei såg ein mann, sannsynlegvis
med skjegg, enkelt kledd i ein kjortel. Nokre visste meir om Jesus, kven søskena var, kanskje at han hadde jobba som snekkar. Men eg trur at alle var ganske trygge på at dei visste kva forventning dei kunne ha av Jesus.
Døyparen Johannes såg noko meir. Då Jesus kom, bryt han ut: Sjå der er Guds lam! Så forklarer han korleis dette hadde blitt openberra for han. Altså såg han noko andre ikkje såg. Det var som om Jesus hadde eit slør over seg som gjorde at sløret skjulte kven han verkeleg var. Og berre dei som sløret var trekt til side for, kunne sjå.
Eg trur ikkje at det er slik at det er to slags menneske. Dei som ser Jesus tildekt med slør og dei som ser Jesus 100 % utan slør. Eg trur at ingen ser Jesus fullt ut. For alle er han delvis tildekt. «Han elskar de, endå de ikkje har sett han; han trur de på, endå de no ikkje ser han» 1.Pet 1,8. Og nettopp dette er grunnen til at openberringstida er så viktig. Det er viktig å sjå Jesus meir og meir utildekka av diverse slør som er putta på han. Det oppnår vi berre ved å høyre frå evangelia om vitnesbyrda om han. Døyparen Johannes er eit eksempel på ein som såg noko dei andre ikkje såg, men som kunne hjelpe dei og utvide synet på kven Jesus var.
Denne oppgåva er profetisk. Hos profeten Jesaja høyrer vi om folk si oppfatning av Herrens tenar i kapittel 53. Dei syntest ikkje han hadde ein fin skapnad eller fin utsjånad, men forakta han og rekna han for ingenting. Så kjem profeten oss til hjelp og forklarer at Herrens tenar måtte vere slik viss han skulle kunne frelse menneska: «Straffa låg på han» (Jes 53, 5).
Openberringstida kjem etter juletida fordi vi skal få hjelp å forstå at det var ein god grunn til at Guds son vart fødd inn i slike fattigslege kår. Elles kunne han ikkje bere oss.
Og for min eigen del ønskjer eg å ha uro rundt mi oppfatning av Jesus. Ikkje at mi tillit til han skal bli usikker, men å leve slik som dei truande i Berøa. Dei hadde eit edlare sinn, kan vi lese, for «Dei tok imot Ordet med all godvilje og granska dagleg skriftene og såg etter om alt stemde» Ap gj 17, 11. Det trur eg gjer at Jesus ikkje berre blir ein person lik mange andre, men gir meg eit nytt og større bilde av han som vart fødd julenatt.
Sokneprest Hallvard Nordstrand