Overrekking av replika i Giske kyrkje – ei historisk hending

Det er langt mellom dei som får vere med å smykke ut middelalderkyrkja Giske frå år 1130. Den 6. mai blei det gitt ei spesiell gåve til biskopen i Møre, Ingeborg Midttømme, frå kunsthandverkaren Lara Reisigl Domeneghetti. Kunstverket, ein unik Kristus-replika, er ein del av eit kulturelt og kunstnarisk samarbeid mellom kyrkja og kunstnaren.

Publisert:

Overrekking av replika i Giske kyrkje – ei historisk hending

Fortid, notid og framtid

Som kyrkjeverje og dagleg leiar i kyrkjene i Giske ønska eg å rette fokus på historie og kunst med kulturell kontinuitet og kunstnarleg dialog. Det blei naturleg å vende mot Giske og den enorme interessa kyrkje har for fleire 10talls tusen besøkande kvart år.

Den middelalderske krossfestingsgruppa som heng i Giske kyrkje er unik sjølv i Europasamanheng og gåva er ein miniatyrreplika av Kristusfiguren frå denne gruppa. Kyrkja er ei romansk steinkyrkje frå rundt 1130 med eit uvanleg rikt kunstnarisk uttrykk, forma av den tidlege kristne kulturarven i Europa. Gruppa er truleg laga i Frankrike på byrjinga av 1200-talet og viser typiske langstrekte former og rolege uttrykk – eit språk for andakt og stillskap. Giske kyrkje var på 1200talet eit familiekapellet til den mektige høvding- og kongeætta på Giske og gruppa hang over kor-bogen før altertavla kom fyrst i 1756.

Korsfestingsgruppa blei lagt under preikestolen i ei kiste og blei i 1847 funne og frakta til Universitetsmuseet i Bergen, der den er i dag. Giske kyrkje bad om å få tilbake gruppa, men det blei laga ein replika som blei gitt til Giske kyrkje i 1985. Arbeidet som er gjort med denne replikaen er av ypparste klasse og eit kunstverk i seg sjølv. Miniatyren er 25 cm høg medan originalen er 131 cm.

 

Lara med spørsmål og refleksjonar

Kunstnaren Lara fortel sjølv frå prosessen om å lage replikaen av Kristusfiguren:
«Reisa av krossgruppa – frå aktiv bruk, til gløymd, til museumsobjekt – fekk meg til å spørje: Kva skjer når eit heilagt bilete mister si rituelle rolle? Og kva kan sjølve handlinga, å lage ein kopi gje tilbake – ikkje berre fysisk, men òg åndeleg? Miniatyren eg har skore er laga i valnøttre, som originalen og eg valde med vilje eit avkapp med en kvist. Krossen er laga av kamelbein som eg fann på ridetur i ørkenen i Saudi Arabia der eg har undervist. Eikeplata i bakgrunnen er laga av resirkulert materiale. Dei små detaljane av oransje tresort kallas Padauk, ei gåve frå ein av studentane mine medan eg var i Saudi Arabia. Vala om bruk av materiale handlar om meir enn form: dei handlar om etikk, omsorg og verdsetjing. I mellomalderen bar materiala i heilag kunst ein symbolsk tyngde – bein som relikvie, tre som kropp og offer.

Tradisjonshandverk blir ofte redusert til teknikk og romantisert fortid, men for meg er det òg ei form for filosofi. Å skjere i tre er å tenkje på tid, nærvær, tap og omsorg. Eg prøvde å la desse tala gjennom veden. Eg håpar at verket ikkje berre vert ein kopi, men eit nærvær – eit stille følgje til kyrkja sitt lange minne, og ei oppmoding til dei som kjem forbi, kunstnarar og tilreisande, om å reflektere over kva tradisjon kan tyde – ikkje berre før, men òg no.»

 

Ein biskop som tok det til hjartet

Biskop Ingeborg var tydeleg rørt og overvelda då ho blei overrekt kunstverket. At Kristus møter oss med opne armar gjennom tusen år med kristen tru, er eit sterkt vitne i seg sjølv, fortel ho rørt. Ho uttalte at ho tykte det var overveldande og hadde fått høyre om den under visitasen i april. Likevel var ho ikkje førebudd på at ho skulle bli rørt og få gåsehud.

Det gleder oss å kunngjere at biskopen har bestemt at miniatyren skal stå i Giske kyrkje til evig tid. Du er hjarteleg velkomen til å besøke Giske kyrkje på vakre Sunnmøre og ta del i nærværet og refleksjonane.

 

Med helsing

Katrine Ruth Overå
Kyrkjeverjen i Giske
8. mai 2025

Fullt namn på kunsthandverkar: Lara Reisigl Domeneghetti
Fullt namn på biskopen i Møre: Ingeborg Synøve Midttømme  

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"