Gravferd i Gulen

Kyrkjekontoret i Gulen legg til rette for at gravferd kan gjennomførast på ein verdig måte.

Tre personer trøster hverandre ved graven

Praktisk informasjon
Mange organiserer gravferda sjølve, med hjelp frå lokale tilbydarar som td. Solgul, drosjene m.fl. Andre vel å engasjere eit gravferdsbyrå. Om ein gjer det, vil gravferdsbyrået ta den nødvendige planlegginga, og gjere dei nødvendige avtalar med kyrkjekontoret.

Nedanfor ligg ei lenkje til "Alt det praktiske" som er eit hefte om kva som skjer kring ei gravferd, kva kyrkja gjer og kva den pårørande må gjere, og tips til salmar mm.

Meir informasjon finn ein her 

Tidspunkt for gravferda
Gravlegging skal skje seinast 10 verkedagar etter dødsfallet dersom avdøde ikkje vert kremert.
Tidspunkt for gravferd vert fastsett av kyrkjeverja etter avtale med den som syter for gravferda eller gravferdsbyrå.

Rett til å syte for gravferda
Det er dei næraste etterlatne til avdøde som har rett til å syte for gravferd. Gravferdslova fastset retten til å syte for gravferd i slik rekkjefølgje; ektefelle, barn, foreldre, besteforeldre, søsken, søsken sine barn og foreldre sine søsken. Ektefelles rett etter denne bestemmelsen gjelder tilsvarende for person som levde i ekteskapsliknende samboerskap med avdøde da dødsfallet fant sted. Hvis det før dødsfallet er sett fram skriftleg erklæring om kven som har denne retten, skal denne ha fortrinnsrett.

Grav
Alle innbyggjarar i Gulen kommune har rett til fri gravlegging og fri grav. Ein kan velje fritt kva kyrkjegard i kommunen ein ønskjer gravlegginga. Ved gravlegging, er det også høve til å reservere grav attmed, td. til attlevande ektefelle. Den reserverte grava vert då ei betalingsgrav. Kyrkjeverja tilviser grav. Ein har høve til gjenbruk av eksisterande grav under vilkår av at grava ikkje er freda, og at festar samtykkjer i at grava kan opnast for gjenbruk. Askeurne kan setjast ned i freda grav.

Utabygds gravlegging
Også personar som ikkje var busett i kommunen kan gravleggast her, men det vert då kravd avgift for gravfeste, kiste- eller urneavgift, samt seremoniavgift hvis ein skal ha kyrkjeleg seremoni i samband med gravlegginga.


Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"