I konfirmasjonstida vil vi følgje eit opplegg / eiga bok for undervisning som heiter «Delta», og som gjer ungdomane kjent med det mest sentrale innafor den kristne trua. Sokneråda vil i samband med presentasjonsgudstenesta i august/september gje kvar konfirmant ein bibel som skal nyttast i undervisninga.
Dersom du som ungdom er usikker på om du vil konfirmera deg, så går det an å følgje undervisninga likevel. Og bestemme deg for kva du vil undervegs.
I tillegg skal alle vere med på minst 8 gudstenester.
Konfirmantleiren blir på Alværa.
Konfirmantfestivalen i Knarvik