Kinsarvik er i dag tilsett som spesialprest i Meland sokn her i Nordhordland prosti. Han er eigentleg frå Vaksdal.
I ein periode mens hans fullførte presteutdanninga, jobba han som uordinert prestevikar på Osterøy. Etter ordinasjonen var han først kapellan i kyrkjene i Eidsvåg og Biskopshavn sokn i Åsane prosti, før han vart spesialprest i Meland for 5-6 år sidan.
Han har stadfesta at han tek mot stillinga. Det betyr at han vil vere på plass i Gulen ein gong til sommaren. Velkomen skal han vere.
På biletet er han avbilda i Knarvik kyrkje i fjor haust