Viktige skjema m.m.

Her kan de laste ned naudsynte skjema for å gjennomføre ein vigsel i Den norske kyrkja.

Papirarbeid
Dersom de går med gifteplaner så ver ute i god tid med å avtale tid og stad for vigselen. Dette gjer de ved å ta kontakt med kyrkjekontoret (tlf. 70095130, epost: kyrkjekontoret@hareid.kommune.no) som treng dette skjema med informasjon om brudeparet: Skjema til kyrkjekontoret

Brudeparet har sjølv ansvar for å sende inn prøvingsattest og forlovererklæring til Skatteetaten i god tid. Kyrkja må ha den handsama og godkjent prøvingsattesten til kyrkjekontoret ein månad før vigselsdatoen. 

Naudsynte skjema kan skaffast hjå Folkeregisteret:  Last ned skjema her


Det er Folkeregisteret som undersøkjer om dei som vil gifte seg oppfyller vilkåra for ekteskap. Dette kan ikkje vigselspersonane gjere. Prøvingsattesten frå Folkeregisteret vert sendt til bustadsadressa til ein av brudefolka. Attesten skal leverast til den som skal utføre vigselen. Den kan også sendast direkte til vigslaren viss denne adressa er nemnt. Attesten er gyldig i fire månader.

Tidlegare ekteskap
Dersom nokon av brudefolka har vore gift tidligare, og folkeregisteret ikkje har registret skilsmisse eller dødsfall, må personen legge fram bevis for at ekteskapet er slutt. Utenlandsk skilsmissebevilgning eller dom må fyrst verte godkjend av Fylkesmannen. Den som har vore gift, og som levde i formuefellesskap då ekteskapet tok slutt, må i einskilde tilfelle ha erklæring frå tidligare ektefelle om status i skiftet.

Utenlandske statsborgarar
Ein utenlandsk statsborgar som ikkje er fast busatt i Norge må framlegge attest frå offentlege myndigheiter i heimlandet som beviser at det ikkje er noko til hinder for at det vert inngått ekteskap. I tillegg er det naudsynt med dokumentasjon på opphaldsløyve viss ein ikkje allereie har arbeidsløyve, oppholdslæyve eller busettingsløyve.

Vigselsattest
Vigselspersonen meldar vigselen til Folkeregisteret, som utsteder vigselsattest. Brudefolka kan få med seg ein stempla melding om vigsel frå vigselspersonen. Denne gjeld som mellombels attest og kan vere naudsynt ved bryllupsreise i utlandet rett etter vigselen.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"