Påskehøgtida er saman med jula den mest sentrale av dei kristne høgtidene. Vi får i denne tida bli med Jesus til den siste nattverd, sjå hans liding og død og så få oppleve oppstoda.
Desse dramatiske dagane er heilt avgjerande for at det fins ei kristen tru og kyrkje. Det at Jesus døydde og sto opp frå dei døde, er grunnlaget for at folk fylgjer etter Jesus den dag i dag. At han døydde for vår skuld, og viste seg sterkare enn døden, gjer han til noko meir enn ein læremeister. Det er det som gir oss eit håp om evig liv.
Påska i Hareid kyrkje på nett:
Søndag 5. april:
Frå kl.10:00: Digital gudsteneste på Facebook, men kan sjåast når som helst.
Skjærtorsdag 9. april:
Frå kl.10:00: Digital gudsteneste på Facebook, men kan sjåast når som helst.
Kl. 12:00-14:00: Opa kyrkje for stille stund.
Langfredag 10. april:
Frå kl.10:00: Digital gudsteneste på Facebook, men kan sjåast når som helst.
Påskeaftan 11. april:
Kl. 17:00-18:00: Høgtidsringing med kyrkjeklokkene.
1. påskedag 12. april:
Frå kl.10:00: Digital gudsteneste på Facebook, men kan sjåast når som helst.
Følgj oss på Facebook (Hareid kyrkje).