Salmekveld onsdag 7. mars kl. 19.30

Denne onsdagen i fastetida er det igjen samling i kyrkja. Temaet for denne salmekvelden er fastesalmar, og vi skal syngje mykje saman- både gamle og nye salmar. Allsongen blir leia av ei forsongar-gruppe, der fleire av songarane er med i damekoret CorSonus.

Publisert:

Damekoret Cervix Vocalis frå Herøy.
Damekoret Cervix Vocalis frå Herøy.

Vi får også vitjing av Cervix Vocalis. Dette er eit damekor frå  Herøy kommune. Det starta som eit kor for tilsette i pleie-og omsorg i 2003, men i 2012 vart det eit kor der alle damer kunne vere med. Dirigent for koret er Øyvind Granden Berg. Dei vil syngje fire salmar til oss: No stig vår song , Vår takk til Gud, Alltid freidig når du går, Lei milde ljos og Med Jesus vil eg fara. Vi gler oss til å høyre dei.   

Marit Øyen Sæverud vil vere med og lese nokre av bønene som står bakerst i salmeboka.

Kvelden blir leia av Leiv Arne Grimstad, Ida Teige sit ved pianoet!               
Vi avslutter samlinga med enkel servering bak i kyrkja etterpå. Arrangementet er gratis.

Velmøtt til alle!

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Jostein Bildøy, kyrkjeverje 

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"