Hareid kyrkje skal renoverast og få nytt golv og varmesystem og blir difor stengd i perioden 20. mai til utpå hausten eingong. Gudstenester, dåp, gravferder, vigslar og enkelte andre arrangement, vil i byggeperioda bli på Hareid bedehus i staden for kyrkja.
Ber om tålmod og forståing
I byggeperioda for renovering av kyrkja, vil det bli ein del ferdsel både rundt kyrkja og kyrkjegarden, bilar, transport av utstyr, gravemaskin, arbeidarar som utfører arbeidet osv. Ein må difor rekne med ein unntakstilstand i denne perioda, og vi ber om tålmod og forståing for dette arbeidet. Det vil heller ikkje vere mogleg for uvedkomande å gå inn i kyrkja i byggeperioda, og ber om forståing for dette. Så gleder vi oss til ei nyrenovert kyrkje til hausten.