Konfirmasjon i kyrkja: - Du får noko meir!

Å få gåver, merksemd og nye venner, er fint. Men ved konfirmasjon i kyrkja er kristne verdiar og kunnskap om kristendommen ein verdifull bonus, meiner Ada, Helene, Henrik og Håvard.

Konfirmasjon: Du lærer om kristne verdiar; du får markert at du byrjar å bli voksen; du får mykje fin merksemd, og du får nye venner. (Illustrasjonsbilde: Bo Mathisen)

Konfirmasjonsleir

– Det var fint å læra at ein kan vera heilt seg sjølv, sjølv om ein er kristen. Og at det slett ikkje berre handlar om å følgja reglar for kva ein kan og ikkje kan gjera, seier ungdommane.

Høye hyl og mykje latter er ikkje til å unngå når ein lèt seg falla baklengs ned frå ein benk, og berre må stola på at kameratane dine tar imot. 46 av dei omtrent 37.000 ungdommane som skal konfirmera seg i år, er på konfirmasjonsleir.

Konfirmantane er delt inn i grupper som blir leidde av ungdommar som sjølv var konfirmantar for eitt eller to år sidan.


Vil gi opplevinga vidare

– Eg liker å ta på meg leiar- og tillitsverv, til dømes på skulen. Så då eg fekk sjansen til å vera konfirmantleiar, var det klart eg sa ja. Det er morosamt og givande, og det gjer seg på CV-en, seier Håvard.

– Mange av vennene mine lurer på kvifor eg gidd å bruka vinterferieveka her oppe, fortel Ada, og forklarer kvifor ho er med.

– Eg hadde ei så bra oppleving då eg var på konfirmantleir i fjor, at eg hadde lyst til å hjelpa til med å gi den same opplevinga til andre - og å få kjenna på den ein gong til sjølv òg.

Alle fire er samd om at konfirmantleir er ein opplagt grunn til å velja kyrkjeleg konfirmasjon.

– Vi vart på ein måte tvinga til å vera saman med folk vi ikkje omgåst til vanleg, fortel Henrik.

– Men vi hadde det morosamt saman, og eg fekk mange nye venner, som eg framleis møter stadig vekk.

TRO: Noko av det finaste ein lærer i konfirmasjonstiden, er at det er så mange måtar å tru på at vi kan fortsetja å vera akkurat han vi er, sjølv om vi er kristne. (Foto: Illustrasjonsfoto: Bo Mathisen)

Lærer mykje

– Det er vel ikkje nødvendigvis sånn at du blir konfirmert og boooom! så er du kjempekristen. Men du lærer mykje om ting du ikkje har tenkt på før, og mykje om ting du har tenkt på før, seier Ada.

– Det ein lærer i samband med kyrkjeleg konfirmasjon er jo mykje av det same ein lærer om i humanetisk konfirmasjon, men du får med dei kristne verdiane, bibelhistorie og slikt i tillegg, meiner Håvard. - Når du konfirmerer deg i kyrkja får du noko meir, noko ekstra.

Forma sin eigen tru

Noko av det som overraska dei mest i løpet av konfirmasjonstiden, var å oppdaga at det gjekk an å vera kristen, og framleis vera akkurat same person som dei alltid hadde vore.

– Eg lærte at kristendommen ikkje er så streng. Det er ikkje berre en masse reglar, og ting ein må gjera, som å gå i kyrkja kvar søndag, å be før ein legg seg, eller kle seg skikkeleg og ordentleg heile tida, seier Helene.

– I konfirmasjonstida snakket vi mykje om at alle sjølv kan forma korleis ein vil vera kristen, fortel Ada.

– Trua er mellom deg og Gud, og du kan tru på alle moglege måtar.

Merksemd kjennest godt

– Er det lovet å seia gåvene? spør Ada når vi skal drodle fram fleire gode grunner til å konfirmera seg. Og det synest alle rundt bordet må vera løyve.

– Ja, for eg fekk så mange personlege gåver. Fine opplevingar, til dømes. Ein av tanta mine tok med meg og kusina mi på ei reise. Og dette gjorde oss til venninner, seier Ada, og viser fram eit armband der det er inngravert «Because I love you» og namnet hennar og konfirmasjonsdatoen.

– Eg synest gåvene viste at folk tenkte mykje på meg, og det gjorde meg så glad!

Henrik synest at også merksemda ein får som konfirmant, er verdifull.

– Ein får høyra fine ting om seg sjølv, ting ein vanlegvis ikkje seier til kvarandre. Då skjønner du at du betyr mykje for mange personar, kanskje til og med folk du ikkje hadde tenkt at du var så viktig for. Det opplever ein ikkje så ofte elles.

Påmelding til konfirmasjon

Kyrkja du høyrer til sender ut informasjon om konfirmasjonstiden og korleis du melder deg på som konfirmant. Nokre stader er det konfirmasjon om våren, andre stader om hausten.

Informasjon om påmelding finn du òg på nettsidene til forsamlinga. Viss du ikkje veit kva for ei forsamling du høyrer til kan bruka gateadressa til å søka etter nettstaden til forsamlinga:

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Høyanger kyrkjelege fellesråd

Besøksadresse

Marcus Thranesgate 3

6993 Høyanger

Vil du treffe oss?

Ring og avtal møte!

Org.nr NO 976 995 856

 

Postadresse:

Postboks 159
6991 HØYANGER

E-post: post.hoyanger@kyrkja.no

Tlf: 57 71 41 00

Telefontider:
Mandag, tysdag, onsdag og fredag:
kl. 09.00-15.00

Merk at vi kan sitje i møte og ikkje alltid kan svare!

Tilsette på kontoret:
Administrasjonssekretær: 
Renate Ørnehaug Dale
Kyrkjeverja: Stig Jonny Fitje
 
Prest: Andreas Ester
Diakon / prest: Inger Cesilie Fitje
 
Redaktør:
Kyrkjeverja

Profilbilder:  © Canthun Photogroup

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"