Gravferd i kyrkja

Det er stille i kyrkjerommet. Alle blikk er retta mot kista som er vakkert pynta, men likevel så naken. Bukettar og kransar ber sterke kjensler frå dei sørgjande: Takk for alt. Umisteleg. På gjensyn.

Alt har si tid – også døden. Dei fleste knyter sterke, men ofte ulike kjensler til møtet med døden. Likevel vil mange ha ønske om å ta avskil og til å ta fram minne enten for å gjere eige liv rikare – eller å avslutte ei historie. Gravferd betyr mykje for eit reelt kjenslemessig avskil med den døde.

Saman med båreandakta ogeventuelt det å stelle den døde, kan gravferda gi sørgjetida ein god start. Gravferda kan gi sorga ei retning som i si tid og på ein individuell måte omdannar sorga til ein ressurs i livet til den enkelte. Minneord, kransepålegging, lystenning, skriftlesing og bøner gir dei som er med, høve til å markere gravferda som ei viktig hending i familien og venekrinsen.

Dåp, bryllup eller gravferd?

For dåp og bryllup, kirketorget.oslo@kirken.no 23 62 90 09 (Man-fre 08:30-15:30)