Biskopens preken under gullbryllupet

Les den her – biskop Kari Veitebergs preken under feiringen av kongeparets gullbryllup i Oslo domkirke 29. august 2018.

Biskop Kari Veiteberg under gudstjenesten 29. august 2018. Foto: NRK

Inngangsord / intimasjon

Dette er dagen som Herren har gjort, gitt oss av nåde, til glede og fred. Slik lød utgangsprosesjonen med Eigil Hovlands musikk skrive til signingsgudstenesta i Nidarosdomen 1991. Og slik lydde inngangsprosesjonen no, her i Oslo Domkirke.

Kjære kongepar, kongefamilie, kjære alle saman!

Gratulerer med dagen! Vi feirar i dag at det er femti år sidan kongeparet vart gift akkurat her, i Oslo domkirke. Frå klokka tre , den 29 august for femti år sidan, begynte kyrkjerommet her å fylles. Og klokka fem steig bruda i rommet her, følgd av Kong Olav. «Ja», sa dåverande kronprins Harald . «Ja», sa Sonja Haraldsen her, ved alteret i Oslo Domkirke.

Vi er samla for å feire og takke og glede oss saman med heile kongefamilien for alle åra som kongeparet har vore eit offisielt par og har tent nasjonen og folket, først som kronprinspar, seinare kongepar.

Gudstenesta vil, etter kongeparets eige ønske, bli prega av takksemd. Takken er ein raud tråd alt det som vil skje her den neste timen, med tekstar og musikk som har prega viktige hendingar i kongeparets og nasjonens liv. Det heile munnar ut i den storfelte salmen som Edvard Hoem skreiv til kongens 70-årsfeiring og som no er sunge inn menigheitane: «No stig vår song, vår takk til Gud». I namnet åt den Gud som har vist seg som Skapar, Frelsar og Livgivar ber vi:

Evige Gud,
du som troner i det høye og hellige
og finner bolig i hvert menneskes hjerte,
du som møter oss i storm og stille, ved fjord og fjell, i bygd og by.
Vi takker deg for denne dagen.
Vi takker deg for kjærligheten.
Vi takker deg for Norges Konge og Dronning
og deres ekteskap gjennom femti år.
Takk for den gave kongeparet, ved sitt felles virke, har gitt.
Vi ber deg: La dagen i dag bli til velsignelse for vårt folk,
så vi kan styrkes i troen på livet, på hverandre og på deg.
La denne dagen bli til styrke for kongefamilien,
så de kan fylles med glede og takk for det du vil gi.
Du som var, er og blir, én sann Gud fra evighet og til evighet.
Amen.

Preike

50 år. Alle sportsinteresserte og kunstinteresserte (og mange fleire) veit kva gull betyr. Men den kjærleikshistoria som vi feirar, strekkjer seg som vi no veit, enno lenger bakover, det dreier seg også om ni år som kjærestar i skjul.

«Det var jo tilsynelatende ikke mulig, det som holdt på å skje,» seier Kongen i dag.

Dronninga har og beskrive kor tøft det var å skjule og kjempe for kjærligheita over så lang tid. For «kjærleiken er sterk som døden, lidenskapen ubøyelig som dødssriket. Veldig vatn sløkkjer ikkje kjærleiken, elvar skyl han ikkje bort.» (Høys 8,6–7a)

Takk for at de fortalde oss, folket, om kampen. Det er mange som strevar, mange som må vente, – mange lever i skjul og kjempar og drøymer om full godkjenning og aksept. At kongeparet heldt ut, gir mot og styrke.

Femti pluss ni år. For dei aller fleste nordmenn er kongeparet ein del av vår historie. De har reist land og strand rundt, frå hav og fjell og fjøre og møtt oss.

Svært mange av oss har minne om då vi møtte i finstasen for å synge, eller å vere med på å overlevere blomster, mange av oss har bilde av slike besøk i fotoalbum. I vårt eige familiealbum fins eit foto av far min 23. mai, 1969. Han viser kronprinsparet rundt på formingslina på Stord lærarhøgskule.

Og slike minne og foto er det mange av i dette vidstrakte landet.

Og svært mange av dei forteljingane eg har høyrt om vanlege folks møte med kongeparet, har dreidd seg om ei merkeleg lettelse over at møtet gjekk så fint! Ei forvandling frå grue-gleding til berre glede, – for dei har opplevd å bli møtt, ordentleg og stilriktig, men også varmt og menneskeleg. Dei anspente, nervøse kroppane har møtt eit nærvær, og etter møtet har dei eit anna ganglag, lett og ledig!

Forteljingane og minna er mange, frå heile landet og langt utanfor grensene, frå barnehagar, frå heimar, bedrifter, audiensar og møte med folk i krise og sorg. Til dette er det berre å seie: Takk! Ikkje alle har møtt, men nesten alle har sett og høyrt på radio og fjernsyn. Og vi har gråte ein skvett, – ofte opplevd oss sett og verdsatt. Som då ved den nasjonale minnemarkeringa etter terroråtaket for sju års sidan. Kongen sa: «Som far, bestefar og ektefelle kan jeg bare ane noe av deres smerte. Som landets konge føler jeg med hver enkelt av dere». Takk. Mange kjende seg trøysta. Takk

Gullbrudeparet har fått oppleve både å bli foreldre og å få barnebarn. Vi ser at kongeparet står hos barna sine, i medgang og motgang. Det er jo ikkje noko sjølvsagt. Kongefamilien er sannsynlegvis ikkje alltid einig i eitt og hint, men vi ser at de held saman og vi høyrer de framsnakkar kvarandre. Kongeparet legg til rette for samvær i ferie og høgtider og legg ikkje skjul på den enorme gåva barnebarna og bonusbarn er.

Kongeparet har gjennom heile denne tida også vist at de er nært knytt til naturen: Kongen kanskje aller mest til saltvatn, dronninga til fjell og stein? Den eine delen av kongeparet karakteriserer seg sjølv som sportsidiot, den andre som turentusiast.

Den eine har vore både deltakar og tilskodar ved idrettsarrangement, den andre har opna andre og eigne kunstutstillingar. Også på denne måten har de utfylt kvarandre og vist i praksis at forskjelligheit kan vere ein ressurs, både i samlivet og i den tenesta kongeparet utfører.

Ein varm takk også for at de har stilt opp og tatt del i kyrkjas liv, gjennom kyrkjebesøk og møte med menigheitar over heile landet. Kongeparet tok personleg initiativ til vigslingsgudstenesta i Nidarosdomen 1991 og gav uttrykk for at de treng Guds signing over gjerninga som kongepar.

Takk gode Gud for kjærleiken og for gleda og for at vi stadig vekk kan bli overraska av kvarandre.

Det siste diktet i den siste diktsamlinga til Rolf Jacobsen er skrive til hans livs klippe, til Petra: Det heiter «Ildfluene».

Det var den aftenen med ildfluene
da vi sto og ventet på bussen til Velletri
at vi så de to gamle som sto og kysset hverandre
under platantreet. Det var da
du sa, halvt ut i luften
halvt til meg:
Den som har elsket lenge
har ikke levd forgjeves.
Og det var da jeg fikk øye på de første
ildfluene i mørket, knitrende
med lysblink rundt hodet ditt.
Det var da. – – – – –

Vi feirar dagen med salmar og tekstlesingar som dreier seg om kjærleik, glede og takknemlegheit.

Den gylne regel som vi høyrde Maud Angelica lese, kan vi gjenfinne i nesten alle religionar og livssyn. For dette er noko grunnleggjande for alle menneske, uavhengig om trua er svak, eller sterk: Vi er her for å ta vare på kvarandre, ikkje øydelegge for kvarandre!

Prinsesse Märtha Louise las om det som skjedde nettopp i eit bryllaup for lenge sidan, i Kana. Kana er i dag ein palestinsk landsby i Galilea der det bur både muslimar og kristne. Dei av oss som har vore der veit at dei også sel lokallaga bryllaups-vin og har kyrkjerom der ein kan, som det står, renew your marriage vows. Fornye ekteskapsløfta altså, med Kana-vin, eller på den staden der Jesus sjølv tok del i eit bryllaup.

Jesus tok del i denne feiringa av kjærleik mellom menneske, saman med familie og venner. Det som skjer viser tydeleg at Jesus slettes ikkje var ein festbremsar, men tvert om visste og viste kor viktig det er med feiring og glede ved viktige merkedagar!

Bryllupsfeiringa held på å bli ein stad for krise og skam. For vinen tok slutt. Etter ein fortruleg samtale med Maria, arbeider Jesus i det stille for at store mengder vatn blir forvandla til vin. Det skjer ei forvandling: Frå det nødvendige kvardagslege til det som markerte fest og felles gledesfeiring.

For kyrkja har bryllaupet i Kana vist noko av hemmelegheita som ligg i at vi deler brød og vin og kan tru på at forandring er mogleg. Det er også ei forteljing om at den menneskelege kjærleiken i all sin rikdom og mangfald fortener å bli feira. At det er ei tid for å minnest og sjå tilbake, og også ei tid for fornying av forhold og forpliktingar.

Mange av oss har erfart på kroppen at det ikkje er lett og sjølvsagt, at ein held saman livet ut. Det finst brudd og nye startar – av og til er det godt og nødvendig. Det Jesus gjer, viser at forandring er mogleg: Slik at knytte og anspente kroppar kan gå avslappa vidare.

Forandring og forunderlege overraskingar er ein del av kjærleikens vesen. Plikt, ja, kall, ja: men også eit stort rom for å forandre seg og glede seg saman.

Eg vil slå eit slag for den langvarige kjærleikens evne til å forandre og forundre. Men då trengst det at ein ser det som skjer, som Maria som observerte krisestemninga på kjøkkenet, og også har mot til å gjere noko med det.

Fortrulege samtalar og at vi også kan sjå kvarandre som dei vi er.

Eg går for tida med ei Redd barna-t-skjorte med nokre ord av Halldis Moren Vesaas på: «Det er ikkje sant at kjærleik gjer blind. Kjærleik gjer klok». Det er sånn det er.

Eg vil derfor at de som er her, eller sit foran skjermar i heile landet, no kastar eit blikk og ser på dei vi sit saman med, eller tenker på dei vi har delt liv og kjærleik med.

Sjå og tenke på dei, enten dei no er støle, eller skeive, eller glømske eller så nær oss at vi har blitt så vant til å ha dei rundt oss at vi ikkje ser dei som dei dei er, enten vi no kallar dei gubben eller kjerringa , eller typen eller far eller lillemor.

Sjå på dei, tenkje på dei, kanskje strekke ut ei hand og seie takk: Takk for at du er den du er. Eg vil halde fram.

Takk eller thank you.

Nils Bech har skrive ein song til bestemora der han takker henne for kjærligheita ho gav han. Ein kjærleik som gjorde at han til slutt turte å elske. Her framført saman med dansaren Silas Henriksen og Anja Lauvdal ved klaveret.

Thank you.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"