Foredrag ved Helge Simmones: Harris eller Trump – Guds utvalde?
Helge Simmones er tidlegare sjefredaktør i Vårt Land. Har har gitt ut boka "Trump, Gud og kirken", i tillegg til fleire andre bøker i skjeringspunktet mellom religion og politikk.
Tysdag 5. november skal det avgjerast kven som blir Amerikas 47. president. Valet kan få store konsekvensar for både USA, Europa og Ukraina.
Med Kamala Harris har det kome inn ein heilt ny dimensjon i det spennande valet. Sjølv om Harris no har fått vind i segla, skal vinnarsjansane til Donald Trump ikkje undervurderast. Ein av grunnane til at han ikkje kan avskrivast, er at han framleis har høg oppslutning i den store veljargruppa «kvite evangelikale kristne». Denne gruppa tel mellom 25-30 millioner veljarar. Ved tidligare val har Trump fått 80 prosent av røystene deira.
Når nominasjonane til embeta som president og visepresident no er klare, meiner mange ekspertar at det vil bli ein enda meir polarisert valkamp der religion vil spele ei vesentleg rolle.
I foredraget syner Helge Simonnes kvifor Trump har ei så magnetisk tiltrekningskraft på mange kristne veljarar trass i at han ikkje vert sett på som som den mest gudfryktige. Mange amerikanarar meiner at han er den einaste som er sterk nok til å utfordre den liberale eliten i Washington. Dei ønskjer at den kristne staten Amerika skal gjenreisast og at ein igjen kan uttale «God bless America» med truverd. Når Trump så sterkt legg vekt på bibel og dei ti boda, er det mange som meiner at han er utvald av Vårherre sjølv til å leie supermakta. At han kom heilskinna frå attentatet 11. juli, er for mange truande ei stadfesting på at Trump har Gud på sitt parti. I tillegg kjem saker som abortkamp og støtta til Israel.
Høve til spørsmål og kommentarar etter foredraget. Boksal.
Gratis inngong, sal av kaffi og kaker.
Arr.: Kvam bibliotek, Folkeakademiet i Kvam og Vikøy sokneråd.