Kyrkjekino er eit arrangement for 7. trinn på seinvinteren/våren i kyrkjene i Kvam. Skuleåret 24/25 blir det Kyrkjekino i Norheimsund og Øystese. I Ålvik og Strandebarm blir fleire årskull slått saman, alt etter kor store kulla er. I desse kyrkjene blir Kyrkjekino kvart 2./3. år.
Vi ser filmen "Legenden om Narnia - løven, heksa og klesskapet".
Etter filmen blir det ulike aktivitetar med utgangspunkt i det filmen og bibelen har til felles. Snop og pizza står på menyen. Filmen har 11-års aldersgrense.
Øystese kyrkje for 7.trinn: Laurdag 8. mars kl. 17.00 - 21.00
Norheimsund kyrkje for 7.trinn: Ny dato: 14. mars kl. 17.00 - 21.00
Alle som er døypte får invitasjonen i posten, men alle - døypte eller ikkje - i rett alder er hjarteleg velkomne!
Me ynskjer ikkje at borna skal bruke mobiltelefon under filmen, så dei blir samla inn når borna kjem til kyrkja.
Kontaktperson for Kyrkjekino 2025: Solveig Lønning Sangolt. Tlf. 930 21 676, e-post: ss973@kyrkja.no