Her finn du info om Lys Vaken hausten 2024.
Velkommen til Lys Vaken - overnatting i kyrkja!
Norheimsund kyrkje: for 5. trinn i Norheimsund 9. - 10. november.
Øystese kyrkje: for 5. trinn i Øystese 16. - 17. november.
Strandebarm kyrkje: for 5.-7. trinn i Strandebarm 23. - 24. november.
5. klassingane i Kvam er velkomne til å overnatta i kyrkja. I Strandebarm og Ålvik vert Lys Vaken som regel arrangert kvart 3. år der 5.-7. trinn er ilag.
Me starter laurdag kl.18, og me skal syngja, leika, læra om Jesus, ha godnattsamling i soveposane og mykje meir! Søndagen et me frukost i lag i kyrkja, og avsluttar med ei gudsteneste kl. 11 der heile familien din er velkomen.
(Du kan sove heime, om du heller vil det).
Arrangementet er gratis!
Ta med: uteklede, innesko, nattøy, sovepose, liggeunderlag, toalettsaker, håndkle og eit tomt syltetøyglas. Dei som skal sove heime kan ta med eit teppe til soveposesamlinga kl. 22.30.
Hugs!! Dei som søv heime må vera tilbake i kyrkja seinast 9.30 på søndagen. Då skal me øva til gudstenesta og leika. Kom gjerne til frukost kl. 8.30. På laurdagen kan dei bli henta litt før kl. 23.00.
Velkommen! Me gler oss til å sjå dykk!
Invitasjon kjem i posten og annonse kjem i avisa. Born som ikkje er døypte eller medlem i DNK er også velkomne, men dei får ikkje personleg invitasjon i posten.
Spørsmål? Ta kontakt med Solveig Lønning Sangolt på e-post: ss973@kyrkja.no eller tlf. 930 21 676.