Vil du gje ei gåve?
Vårt ynskje er at kyrkja skal vera der for alle, og at det skal vera aktivitetar for alle generasjonar. Me treng difor støtte til det som ikkje vert dekka av det offentlege.
Trusopplæringsarbeidet i kyrkja er for alle born og unge! Her finn du Legoklubb, Babysong, 4-årsbok, Lys vaken, Tårnagent, Krybbevandring, Kyrkjekino, Krølletreff, konfirmantarbeid – alle aldrar har sine treffpunkt. Gjevartenesta til trusopplæringa blir vårt satsingsområde i åra som kjem.
Kan me utfordre deg som set pris på treffpunkta våre, eller du som sender borna/konfirmanten din på aktivitetane våre? Eller du som kjem på gudstenesta, tek ein kopp kaffi etterpå og kanskje går litt rikare heim att?
Gjevar får skattefrådrag for gåver frå kr. 500,- opp til kr. 25 000,- per år. Då hukar du av for det, og oppgjev personaldata.
Det er ingen bindingstid. Dersom du vil avslutte avtalen tar du kontakt med oss på telefon eller email, sjå kontaktinformasjon nederst på sida her.
HJARTELEG TAKK FOR GÅVA!