Gunnar byrja som sokneprest i Lærdal 1. september 2020, han var då nyutdanna prest. Før Gunnar tok til i stillinga i Lærdal, var han eitt år i miltæret som militærprest. Gunnar har budd i presteboligen og har etterkvart blitt godt kjend i bygda. Har er svært fotball interessert og har bidrege litt som hjelpetrenar for jentelaget på ungdomstrinnet. Han har eit stort hjarte for dei eldre og har hatt mange gode stunder med gudstenester, andaktar og besøk på Lærdal bu- og omsorgsheim. Gunnar er ein roleg og raus person, og han vil bli sakna av kyrkjestaben. Men vi ynskjer han masse lukke til som kapelan i Bergen.
Sokneprest stillinga er lyst ut med søknadsfrist 11. februar. Fram til ny sokneprest er på plass i Lærdal fungerer Terje Eklund som fast prestevikar fram til sommaren. Nora Baartvedt som er prest Aurland har ansvar for konfirmantane og vil ha Ung messe og konfirmasjonsgudstenestene. Andre prestar vil òg bidra på gudstenester og i gravferd i denne tida.