Gudstenester, gravferd, dåp og vigsel
Gudstenester og all organisert aktivitet i kyrkjene vert avlyste.
Gravferd kan gjennomførast i kyrkja med næraste pårørande til stades (maks 25 personer).
Når det gjeld andre kyrkjelege handlingar som dåp og vigsel kan desse gjennomførast i samråd med presten og som ei lukka forsamling.
Ved gravferd, dåp og vigsel må me elles fylgje smittevernreglar med omsyn til avstand, håndhygiene og liknande
Trusopplæring og konfirmasjon
Det vert ikkje gjennomført trusopplæringssamlingar og konfirmasjonane vert utsett til hausten. Det er ikkje fastsett ny dato for konfirmasjonsgudstenester.
Den årlege fasteaksjonen til inntekt for Kirkens Nødhjelp vert ei digital innsamling der vi oppmodar alle om å støtte opp via Vipps til 2426, SMS "VANN" til 2426 eller via bank. Det er også oppretta lokal facebook-innsamlingar til fasteaksjonen. Dør-til-dør-aksjonen med bøsseinnsamling går ut.
Kontakt
Kyrkjekontoret er stengd for besøkande, men du kan nå oss på tlf 40 43 69 71 eller kyrkja@laerdal.kommune.no.
Ynskjer du samtale eller kontakt med prest kan du kontakte vikar for sokneprest Terje Eklund på tlf 975 31 366 eller fungerande sokneprest Wenche Lie Lysne på tlf 995 54 531.
Treng du å snakke med nokon kan du òg ta kontakt med Kirkens SOS på telefon 22 40 00 40 eller melding / chat.