Kyrkjeklokkene ringer i heile landet 7. august kl. 15.00 for fred i Gaza

Det vert ringt med kyrkjeklokkene frå Hauge kyrkje 7. august frå kl. 15.00-15.15, kyrkja vil vere open frå kl. 14.30 til 15.30 for lystenning, stille og bøn.

Publisert:

Bilete av ei kyrkjeklokke
Bilete av ei kyrkjeklokke

Biskopane i Den norske kyrkja oppmodar kyrkjer over heile landet til å ta i bruk kyrkjeklokkene saman med domkyrkjene i landet: Torsdag 7. august klokka 15.00 ringjer klokkene for sivilbefolkninga som lid i Gaza.

Kyrkja sine klokker kallar til bønn og er eit uttrykk for solidariteten vår med sivilbefolkninga på Gaza. Slik kan me uttrykkja vår uro og protesten vår mot dei lidingane det palestinske folket utsetjast for i Gaza.  
 
Me står overfor ein situasjon som er så kritisk at me alle saman spør oss kva me kan gjera. Når orda ikkje strekk til, lèt me klokkene gi lyd til avmakta vår. Når handlingane våre kjennest små, vender me oss i bønn til den tresamde Gud, skaparen vår, frigjerar og livgiver. Når mørket tetnar, tenner me lys. 
 
Det å ringja med klokkene er også eit farevarsel.  Ikkje berre for dei som blir ramma direkte, men for heile menneskeslekta. Derfor oppmodar me alle som kan gjera noko for å få slutt på lidingane i Gaza – til å gjera det med fredelege verkemiddel. Me har kyrkjene våre, me har orda, me har symbola. Gjennom domkyrkjene, og så mange som mogleg av kyrkjetårna i landet, tek me byrommet og fellesskapsrommet i bruk med uttrykket vårt, og kallet vårt til handling.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"