Det vert kyrkjeval i september. Her kjem nokre opplysningar om det som skal skje.
Samtidig med kommune- og fylkestingsvalet går kyrkjevalet av stabelen – (8.) 9. september.
Gjennom deltaking der får du vere med å påverke framtida både til di lokale kyrkje og til kyrkja på nasjonalt plan. Dette fordi du både kan røyste på ditt lokale sokneråd og på bispedømerådet. Alle bispedømeråd utgjer til saman Kyrkjemøtet, som er det øvste organet i kyrkja – på folkemunne kalla «kyrkja sitt Storting».
Kandidatar og vallister:
Noko av det første som skjer framover er å skaffe folk som er villige til å stå på vallista til Lærdal sokneråd. Du kan difor bli oppringt i den nærmaste tida og spurt om du kan vere interessert i dette. Har du eit ynskje om å vere med i dette arbeidet, er du sjølvsagt også velkomen til å melde deg som kandidat til lista. Du tek då kontakt med ditt lokale sokneråd om dette ved Anne Karin Brugrand.
Alle som er medlemar i Dnk og som er over 18 år (eller fyller 18 år innan utgangen av valåret) er valbare og aktuelle kandidatar til å stille til val