«Maria Magdalena – Jesu virke» er nummer to i trilogien om Jesus.
Avisa Fjordingen (2018) om framsyninga:
«Ei overtydande og kjenslevàr og vakker førestilling».
«Der skatten din er, vil også hjartet ditt vere. Den største skatten var å følgje Jesus. Forfattaren Håvard Rem tek oss med på ei reise tilbake i tid, til den tida då Jesus – og Maria Magdalena – vandra på jorda. Gjennom monologen, som Reidun Melvær Berge så mesterleg framførde i Nedstryn kyrkje onsdag kveld, fekk vi vere med Maria Magdalena. Vi fekk oppleve miljøet og høyre om dei hendingane som vi kjenner så godt frå Det nye testamentet, gjennom ei kvinne sine auge.»
Vi veit alle kva som skjer i evangeliet, men sjeldan får vi høyre det på denne måten. Historia om Jesus blir fortald gjennom kvinnene rundt han. I «Jesu virke» er ordet gitt til Maria Magdalena som fortel historia som ei augevitneskildring. Ho fortel at Jesus redda henne frå galskap og prostitusjon, og at ho hadde eit nært forhold til han. Ho var kollega, ven og kvinne.
Det er natta før palmesøndag, og natta før Jesus og følget hans togar inn i Jerusalem. Maria Magdalena fortel om sitt første møte med Jesus, om hans virke frå han vart døypt av døyparen Johannes og om påskeveka.
Gjennom Maria kjem vi nærare Jesus, men òg nærare eit historisk faktum som ofte hamnar i skuggen. I følgjet til Jesus var det fleire kvinner som også hadde ein plass i lyssirkelen rundt leirbålet, som respekterte elevar saman med læresveinane.
AV Håvard Rem
OMSETJING Asbjørg Lotsberg
REGI Marit Østbye
MED Reidun Melvær Berge
KOSTYMEDESIGN Else Lund
LYSDESIGN Krystian Myska