Val av sokneråd i Lærdal sokn – vil du ha eit godt råd?

Vil du vera med og gi Lærdal eit godt sokneråd? Eller kjenner du nokon som kan bli utfordra til å sitja i vårt sokneråd? No til hausten er det kyrkjeval. Det betyr at vi skal velja nytt sokneråd i kyrkjelyden vår. Nominasjonskomité i Lærdal sokn set opp eit forslag til valliste til soknerådsval 2023.

Kyrkjevalet 2023

Forslag på kandidatar til soknerådet kan meldast til Lærdal sokneråd  innan  15.mars. Valbare er medlemmer av Den norske kyrkja som bur i soknet, og som fyller 18 år seinast i 2023.

Listeforslag bør ha minst 40 prosent representasjon av kvart kjønn, minst 20 prosent representasjon av ungdom under 30 år og ei rimeleg geografisk spreiing. Kandidatar skal vere oppført i prioritert rekkjefølgje med førenamn, eventuelt mellomnamn, etternamn og fødselsår, og dessutan eventuelt bustad og stilling.

Det er òg høve for ein nomineringsgruppe på ti personar med stemmerett i soknet å levere ei liste til val av sokneråd.

Innleveringsfrist for listeforslag er fredag 31. mars 2023, kl. 12.

Kyrkjevalet finn stad (10.) 11. september 2023, med digital og fysisk førehandsstemming frå 10. august. Val av leke medlemmer av bispedømeråd og Kyrkjemøtet finn stad samtidig med soknerådsvalet.

Har du innspel eller spørsmål kan du ta kontakt med kyrkjeverje Ellen Veum på tlf 40 43 69 71 eller e-post; ellen.veum@laerdal.kommune.no

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"