Vi er vande med å høyre kyrkjeklokkene ringe inn til gudstenester søndag kl. 11. Slik er det ikkje no under koronaepidemien når vi ikkje lenger får samlast.
Kyrkjerådet og biskopane har difor opna opp for at kyrkjeklokkene kan ringe inn til helg på laurdagar. For å markere kyrkja sitt nærvær i denne krevjande tida vil kyrkjeklokkene ringe om laurdagane frå kl. 16.50-17.00 her i Lærdal.
Det vil bli rullert mellom dei ulike kyrkjene kvar det blir ringt.