Aktivitetsleir på Nesholmen

Det er ei stor glede å kunne invitere deg og andre 11-13 åringar frå Lærdal, til aktivitetsleir på Nesholmen leirstad, som ligg ved Storefjorden i Hyen (omlag ein time frå Førde). Leiren vert arrangert i eit samarbeid mellom KFUK/KFUM og Den Norske kyrkja, og er ein del av kyrkja i Lærdal si satsing på born og unge.

Bilde av Neholmen

Søndag 22. juni, reiser me til Nesholmen med buss, saman med leirdeltakarar frå Aurland. På leiren vil de òg bli kjend med born på same alder, frå andre delar av fylket. Karoline Thyri vert med frå kyrkja i Lærdal. Ho har sjølv våre med som leiar på Nesholmen i ei årrekke, og kjenner leirstaden godt.J Alle får sove på rom med nokon dei kjenner (skriv inntil 2 namn).

 

Kva skjer desse dagane? Me håpar sjølvsagt på godt vêr, slik at me kan vera mykje ute. Her ligg alt til rette for SUP-brett- og kanoturar på Storefjorden, bading, ballspel, leirdans, UTrulege Nesholmen, kreative verkstad, underhaldning og nye vener – altså mykje moro!
 

Leiarar på leiren: Karoline Thyri (barne- og ungdomsarbeidar i kyrkja i Lærdal),
Monica Finden (kyrkjeverje i Aurland) og leirsjef Andrine Lundekvam. I tillegg kjem vaksenleiarar og ungdomsleiarar frå andre delar av fylket.

 

Frist for påmelding måndag 9. juni – sjå eige ark nederst på sida. Har du ikkje motteke invitasjon i posten, kan du bruke denne.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"